to do 28.01.12

Bra start på langhelga

LANGHELG, and it feels good! Starta helga med Kristin og Silje på china house, nam. Etter det har me gjort nokre ærend, og eg og Kristin har kjøyrt mase bil, kos. No blir det dans klokka seks, deretter får eg sjå kva eg finner på. I morgo er dagen fullbooka, blir bra! Laurdag blir forhåpentlegvis ein kosleg dag med fine jente!



God helg, alle sammen :-)
(beklagar for crappy blogging, men har eit nytt prosjekt på gang da! gjett!)

I 2012 vil eg...

Håpa 2012 blir eit knallår, eg skal vertfall prøve å få det til å bli det. Lagde ei (litt) lang liste om ting eg vil gjere/oppleve i 2012 :-)

Reise...
- til London (med 2MK)
- på interrail med Veronica eller Erlend.
- til eit typisk sydenland (Spania, Tyrkia)
- til ein storby eller fem! (Paris, Roma, NY)
- rundt i Norge med gode venner og bu på hotell.
- på shoppingtur til Bergen og Oslo.
- på russetur til Ayia Napa! woooop.
- på harrytur til Sverige med fine folk!

Bli flinkare til...
- å halde romma mine ryddige.
- å ete sunt og bedre.
- å trene meir styrke.
- å ta bilete og redigere dei.
- å ta vare på håret mitt!
- å reise ut på p-p-party.

Random...
- ta ein, to eller tre tatoveringar.
- spare ein del pengar! På konto og BSU.
- få meg ein, to eller tre jobbar!
- bestemme kva eg skal søke som vg3.
- oppleve den beste sommaren ever.
- male og ordne ferdig stova mi.
- prioritere kva eg skal bruke peng på.

Kjærleik og vennskap...
- 2 år med verdens beste gut!
- mange kosekveldar og sånt.
- kino, spel, ut å ete, party med vennerrr.
- reise med kun venner til utland.
- reise på spontane telt- og overnattingsturar.
- grille på stranda heilt til natta tek over.

 

Kva vil DU i 2012?

Gratulera med lappen!

Gratulera med lappen Kristin!!!

Gårsdagens festligheiter

Herregud så kjekt det var i går! Me feira at Kristin vart 18 med ein liten gjeng hos ho. Musikk, stamp, godt humør og kjekke folk gjorde susen! Hadde det kjekt heile kvelden, og det trur eg bursdagsjenta hadde og :-) Ho fekk blant anna champagne, vin og sånne "voksenting" sidan ho er "voksen" no, hoho. Vil sei kvelden var vellykka :-) Det var dagen derpå og, våkna opp og lagde luksusfrokost til Erlend og Veronica, eg må være verdens snillaste person. Ellers i dag har me berre chilla og ete mat. Sitte med yoghurt i fanget og har ein pizza i ovnen. Fin avslutning på ei fin helg!

Kva har du gjort i helga? :-)

Balestrand bby

Ferdig med fotograferinga! Det gjekk veldig fint, fekk bra bilder og folka var veldig hyggelige :-) Sitte på bussen heimatt, gleda meg te helg! Blir bra.

Fant ein katt på vegen, den og Julia vart bestevenne

Balestrand tmrw

I morgo i 9-tida fer eg og Julia til Balestrand på foto-oppdrag! Blir sikkert kjekt det, må jo reise på café til middag (om dei har noko sånt i Bale då...) og over to tima buss (eg elska å ta buss!). Anyway, blir sikkert mobilblogging i løpet av dagen :-) Eg har forresten fått hekta på Pet Shot Story, spela det heile tida! Flink og faktisk. Men god natt fintfolk, ønsk oss lykke til!

Hoho, pakket og klar!

Magasinforside



Nelly Love









.............hadde ein berre vore rik

Up-to-date

I dag har eg vore på kino og sett Løvenes konge i 3D! Elska den filmen, fine barndomsminner ♥ Var ikkje store forandringane i 3D, var berre noko som kom mot deg og sånne typiske ting, men var fint å sjå den igjen. Lurer på om eg skal sjå 2'aren snart, den hugsa eg nesten ikkje noko av! Når eg kom heim frå kinoen hoppa eg i dusjen og kura håret. Etter det kom Erlend og Veronica, me såg filmen "Don't be afraid of the dark" som var sånn okå. Klara ikkje bestemme meg om eg likte den eller ikkje. Spesielt vertfall.




Har fått/kjøpt litt nytt i det siste, tenkte å vise det? Får sjå. So er eg gira på å starte prosjekt-male-stova-mi denne veka, får tvinge mamma til å være med på malarbutikken i morgo eller noko. Trur denna veka blir veldig bra :-)

Ikkje gløym at eg har nokre kjoler til salgs! Sjå her da.

Sliten etter ein lang dag

Wow, dagen i dag har gått i eitt! Først senteret med Sanna, hente HM pakke på posten, opp på skulen og være der til nesten halv sju, så til Erlend og heim! Grunnen til at eg har vore så lenge på skulen er at elevbedrifta mi (og to andre) har arrangert MGP lokal! :-) var veldig mange flinke med! Eg haldt meg på kjøkkenet og i kiosken, blitt pro på å selge vaffler no! Er vertfall heilt daud i føttene...Har planta meg i sofaen og her blir eg resten av kvelden. Ha ein fin kveld, alle :-) Lite med bilder, men lat gå!

Akkurat no: pizza!

Sånn går no dagane

Heyho! I dag hadde me fotball i gymmen, der eg fekk vist skillza mine. Eller berre ikkje. Haha, var faktisk morsomt då, sjølv om eg er ein av dei som likar bedre å sjå TV-kampane enn å spele sjølv...Anyway, no sitte eg her med skuledataen til Erlend og ete appelsin. Har akkurat levert norsklekse og skal til på samfunnsfag. Matten får eg ikkje til, så screw you. Etterpå blir det opp i dalen, woop! Ha ein fin dag, det skal vertfall eg ha :-)

#Glede

Ååh, ferdig med prøveeksamen/tentamen i media og det gjekk utruleg bra. Fekk ein 6- og det er eg nøgd med! Eg, Julia, Annlaug og Junie reiste på chinahouse for å feire at me var ferdige. Etter det for eg opp i dalen til besta og pappa. No er eg eigentleg nett heimkommen, og har lagt meg i badekaret. Me ha av ein eller an grunn ikkje trådlaust nett, så må blogge frå mobilen...Jaja. Ha ein fin kveld, alle :-)

Reposting av bilder, "yay"

Tusen takk

Tusen takk for alle fine kommentara på innlegget under! No sitte eg å skrive notat/manus til kva eg skal sei om produktet mitt på mandag. Får vite karakteren då, gledar meg. Ville egentleg berre stikke innom for å sei takk og sei at eg har meldt meg på ukm! Ikkje med desse bileta, men det vurderer eg å gjere og. Har meldt på nokre av ptf-bildene mine! Blir morsomt, er første gong eg er med på ukm som deltakar :-)

Prøveeksamen resultat


Før du scrolla ned og ser på bildene, tenk deg at det er ein fotoserie som har ein fortelling! Ehe. Eg er veldig fornøyd med bildene sjølv :-) Fortell meg kva du synes!











 

 

 

 

 











Prøveeksamen i foto

Hei! I dag har me trekt tema til prøveeksamen i media og eg trakk foto. Først saug det heilt sjukt, mens no har eg fått hjelp til ein veldig god idé, gleda meg te å sjå korleis det blir! Skal ta bilder i ettermiddag/kveld for då har modellane tid. Vil ikkje sei kva idéen min er før eg er ferdig, kjem sikkert til å leggje ut bileta her seinare. Kan gi dikka eit lite "hint":



Uansett. Ha ein fin dag, alle! Min kjem til å bli travel, men forhåpentlegvis kjekk :-)

Polaroidbildene mine

Meg og min kjære før juleballet 2011 x2 også meg sjølv da.


Ein sommardag i parken med sjokolade, converse og sol 2011. Spania sommaren 2011 med min kjære! Hyttetur med Veronica, Kristin og min kjære sommaren 2011.


Bursdagen til Veronica 2011. Første polaroidbildet eg tok, på skulen. Nico ♥


Litt mørkt bilde frå ein dag ute med fine jente sommaren 2011. Biff med Silje, Veronica og min kjære hausten 2011. Millionærspeling med mamma, Catrine og min kjære vinter 2011


Har nokre fleire og, men dei vel eg og ikkje legge ut :-) Mest fordi dei er stygge, haha!

Salgsblogg: Kjolar

Blå kjole i størrelse M, litt liten i størrelse så vil sei ein M/S. Kjøpt for 500,- selges for høgaste bud over 200,- (porto kjem utenom). Merk eposten med "blå kjole" og send til melvagjeng@hotmail.com :-)

 

Blomsterkjole i størrelse M, litt liten i størrelse så vil sei M/S. Kjøpt for 250,- selges for høgaste bud over 100,- (porto kjem utenom). Merk eposten med "blomster" og send til melvagjeng@hotmail.com :-)



Brun kjole i størrelse 8 (36). Passer både S og M. Kjøpt for 650,- selges for høgaste bud over 250,- (porto kjem utenom). Merk eposten med "brun kjole" og send til melvagjeng@hotmail.com :-)

Kvit kjole i størrelse 2 (36) Passer bedre S enn M, men begge går. Kjøpt for 200,- selges for høgaste bud over 50,- (porto kjem utenom). Merk eposten med "kvit kjole" og send til melvagjeng@hotmail.com :-)



Lilla kjole i størrelse S. Normal størrelse. Kjøpt for 500,- selges for høgaste bud over 150,- (porto kjem utenom). Merk eposten med "lilla kjole" og send til melvagjeng@hotmail.com :-)



Lilla kjole/topp i størrelse L, men er langt i frå det. Passar S og M. Kjøpt for 400,- selges for høgaste bud over 150,- (porto kjem utenom). Merk eposten med "lilla pallett" og send til melvagjeng@hotmail.com :-)



Svart kjole i størrelse M, men passar både S og M. Kjøpt for 300,- selges for høgaste bud over 150,- (porto kjem utenom). Merk eposten med "svart kjole" og send til melvagjeng@hotmail.com :-)





OBS! Bundet kjøp. Du må ha penger for å by :-)
Eg sender kjolane i posten så fort eg har fått pengar på konto.
Kjøper betalar alltid portoen (ca 50,-).

2011 pt iiii. oktober - desember

Oktober

♣ Veronica for til Spania og Erlend til Tyskland. ♣ Hooked på å skrive lister. ♣ Mamma hadde bursdag! ♣ Fekk Dior Addict leppestift av Erlend. ♣ Bakte ein del bolla. ♣ Reiste til Førde! ♣ Vart sponsa av fake tattoos. ♣ 1,5 år med min kjære! ♣ Var på hytta til Erlend i Øvstedalen. ♣ Fekk mykje frå e.l.f. ♣ Pølsedate med Julie. ♣ Valdres med Erlend og dei. ♣ Streaming på Nordfjordeid med klassen! ♣ MR i Nordfjordeid


November

♣ Hospitanta på skulen. ♣ Førdetur med mor til Erlend for å hente Sanna! ♣ Spørsmål-frå-Nina fordi me hadde bloggtørke! ♣ Betalte russeturen. ♣ Masse speling og innekos. ♣ Kakao! ♣ Fekk sjukt med julestemning. ♣ Skreiv mange ønskelister. ♣ Q-film på Sandane! ♣ 11.11.11 klokka 11:11 ♣ Skreiv julegavetips. ♣ Fekk mange kle av mamma! ♣ Radioreportasje med Julia. ♣ Lagde film om Q-film. ♣ Heiv dei kvite converse skodn. ♣ Pappa kom heim frå USA med gåver. 




Desember

♣ Tok mange polaroidbilder. ♣ Lagde digital historiefortelljing om kameraet mitt. ♣ Masse, masse, masse speling. ♣ Danseforestilling. ♣ Snøen kom. ♣ Kos i studio og morsome oppgåve på skulen. ♣ Skikkelig rush på skulen, men kom meg gjennom det. ♣ Masse julekos. Julafta, nyttårsafta, vetlejulafta. ♣ Fekk rosa cover til macen, ghd, harddisk, sesongar og masse fint. ♣ Straumen var vekke ei stund, sjukt ekkelt. ♣ Fjørarevy med Eskil og Veronica, etterfulgt av speling. ♣ Juleball og vors, fantastisk kveld! ♣ Stripa håret.




2011 pt iii. juli - september

Juli

♣ Spania med Veronica, også var me ein del med Anna! ♣ Reise til Valdres med Erlend og dei. ♣ Rett etter det for me til Spania! ♣ Masse grilling. ♣ 15mnd med Erlend. ♣ Var nesten ikkje heime da, såe. ♣ Kjøyrte gokart tre gonger. ♣ Bada faktisk i sjøen, wow. ♣ Var blooond! ♣ Såg mops i Spania, døde. ♣ Var berre litt brun etter ein måned. 





August

♣ Kom heim frå Spania for good. ♣ Fint vær her heima, og eg bada her! ♣ Cricket med min kjære og Julie! og mange andre da. ♣ Oppdaga Instagram, hooked. ♣ Mamma kom heim frå Sverige. ♣ Hyttetur med Erlend, Kristin og Veronica. ♣ Vart 17 år. ♣ Begynte på vg2. ♣ Hekta på badmington. ♣ Solvorn igjen. ♣ Fekk fleire mummikoppa. ♣ Gjekk opp Molden med Catrine og Erlend. ♣ 30 followers på bloglovin.

 

September

♣ Erlend vart 17 år. ♣ Silje bursdag og me hadde overraskelsesdag for ho. ♣ Bergen og handla inn ting til stova mi. ♣ Begynte på dans. ♣ Vart brunette igjen. ♣ Kosekveld med Marianne og Renate. ♣ Vant gåvekort på 500 på eplekjekke dagar. ♣ Hooked på øvelseskøyring. ♣ Gjekk i kosedress kvar kveld. ♣ Krydde med pinsvin! ♣ Lagde bilreklame på skulen. 




2011 pt ii. april - juni

April

♣ 1 år med Erlend! ♣ Snøen va vekk og begynte å sitte på med Kristin på motorsykkelen! ♣ Begynte å samla på mummikoppane. ♣ 20 følgara på bloglovin, no har eg 40! ♣ Handla sommarklede og sånt, woop! ♣ Tante strikke grå mariusgensar til meg. ♣ Klassen fekk eit påskeegg fult i godteri! ♣ Var ute, kjempe kjekt! ♣ Gjekk mange tura der eg knipsa bilder til ptf og litt sånn ellers. ♣ Trente faktisk, wow. ♣ Vart sponsa av superkul, lol.

 

Mai

♣ Oslo med 1MK! (2MK no da). ♣ Smakte makronar, ew. ♣ Konfirmasjon til søskensbarnet mitt. ♣ 17. mai! ♣ Var modell for Julia til pft, kjempemorsomt! ♣ Baka napoleonskaka til pappa, som vart heilt sjukt stygg... ♣ Bleika augnebryna sånn at dei vart brune! ♣ Det begynte å bli finare vær, og eg vart meir og meir gira på sommaren! ♣ Hekta på smoothie og banan med sjokolade i. ♣ 6ar i standpunkt i matte. ♣ Knuste telefonen min i Oslo...rip.


Juni

♣ Var med Erlend og dei til Valdres, kjøyrte motorsykkel heile vegen bort. ♣ Hekta på kylling med pasta og tomatsaus. ♣ Var i Solvorn ein del. ♣ Telttur (lavvotur) på eit fjell med noken jente! ♣ Såg på danseforestilling. ♣ Bestilte den kvite iPhonen min!! Lykke. ♣ Lærdalsmarknad. ♣ Fekk lyst hår! ♣ Spania med bestis Veronica! ♣ Filmkvelda.




2011 pt i. januar - mars

Januar

♣ Kjøpte to objektiv til kameraet mitt. ♣ og polaroidkamera! ♣ Kristin vart 17. ♣ Baking, chinahouse og smoothie. ♣ Handla ein del jaaa... ♣ Feira bursdagen til Namitha på PB. ♣ Sjukt skulelei. ♣ Studio med mange ulike for å ta bilete til ptf. ♣ Tok macrobilder til ptf.

 

Februar

♣ Baka ein haaaug med oreokaka! ♣ Bergen med Monica! ♣ Førde med Tonje og onkel, hotel og peppes. ♣ Radioreportasje i Hodlekve med Julia. ♣ Var i Leikanger hos Monica og hadde ein kjempekosleg kveld! ♣ 15 days challenge! ♣ Eg og min kjære var ute og åt på valentinsdagen, kos. Fekk og roser!! ♣ Kosehelg med Veronica! Skitrekket, resturant og bading. ♣ Var i Aurland med tre i klassen. ♣ Julia kom med cookies på skulen som valentinsgave. ♣ Klypte undercut! Åh, savna den...



Mars

♣ Muffin- og pratekveld hos Silje! ♣ Tok enda fleire bilder til ptf og tett på. ♣ Café med Marianne og Astrid. ♣ Hekta på nachos! ♣ Namitha tok bilder av meg og Erlend. ♣ Julia og Veronica vart 17 år, Julia hadde bursdagsfest og me arrangerte overraskelse ti Veronica. ♣ Elva heiv is opp i vegen, wææ. ♣ Hadde spørsmålsrunde, morsomt! ♣ Skidag i Hodlekve! ♣ Tok eeenda fleire bilder til ptf. ♣ Bakedate med Renate, Marianne og Astrid. ♣ Eg og Julia grilla på skulen, haha!




hello 2012!

Siste del av 2011

Kosa meg med desse to fine jentene i går! Me gjekk tur i formiddag og snakka om alt mogleg. No er eg klar til å ønske 2012 velkommen, haha. Godt nyttår alle sammen!

2012 - You better be good

Var kos med han her klompen og da ♥ He loves me!

Desember 2011

- Min første danseforestilling i kulturhuset
- Tidenes julafta og juleball
- Fekk pizza og cola dagen etter juleballet!
- 40 followers via Bloglovin' ♥♥
- 20 måneda med Erlend
- Masse, masse, masse speling!
- Såg utruleg mange seriar, digg.
- Juleferie! Gjorde seg det.
- Stripa håret lysare, utruleg fornøgd!
- Dagmar tok heilt av, straumen for og eg var dritredd.
- Lagde magasinframside på skulen.
- ...og digital historie fortelling der eg valgte kameraet mitt. her
- Hadde ein haug med prøvar...
- Iselin og Andrea kom heilt frå Ålesund, digg!
- La ut fine julegavetips som og kan brukast som vanlege gaver. her
- Snøen kom, men for igjen fordi det regna heilt sjukt.
- Fekk polaroidfilm så tok ein del polaroida jaaa!
- Blogg-rape av Junie her
- Baka sjukt mykje med diverse fine folk!
- Ellers berre mange koslege og late dagar.

 

Mac deksel og tastatur

Som sagt fekk eg jo deksel og tastatur til macen til jul av Julie. Mange av dikka som har lurt på korleis det er og korleis ein tek det på, så er kjem det litt om detta :-)

Tastaturet er latterleg enkelt, det ser sånn ut:



og ein tek det på sånn:

 

og tadaaaa, så blir det sånn:

 


Dekselet er det litt verre med. Sleit litt med å få på det som skal vere på toppen av macen fordi eg har ein bulk i hjørnet, men fekk det til til slutt. Du legg det berre oppå lokket, kant i kant med hjørnene også klemme du det inntil to av hjørnene om gangen. Dekselet som er under macen er null stress å ta på, det berre skyve du innpå.



 

Deksela er ganske praktiske! Dei beskytta jo macen min til å bli enda styggare enn den allerede er + at den er rosa ♥ Klaga jo ikkje på det. I tillegg er det hål sånn at vifta fortsatt får ut luft, alle inngangane er åpne og den knappen der ein ser kor mykje batteri ein har att er åpen. Tastaturet gjere at det er ganske godt å skrive på den, blir heilt mjuke tasta. Einaste er at det er amerikans/engelsk tastatur, så eg har tegna på Æ Ø Å og @ :-)




De som lurer på kor alt er i frå so trur eg nok at svaret er eBay :-)
Hjalp detta eller er det meir de lurer på?

Sånn går no dagane

Akkurat no sitt eg i sengi sånn:

...og sånn har det vel vore dei siste dagane? Koslig da, sjølv om det er enda bedre når min kjære ligg attmed meg! Han og familien for te Valdres i dag, yay... Har vore med Veronica i dag og spelt wii (♥) og i morgo blir det revy med ho og Eskil! Gleda meg :-) No skal eg sjå noken par episoda av the Big Bang Theory og kike i HM katalogen. Good night!

Stripa håret

Vel, det er igrunn ei lita stund sidan, men har ikkje somla meg til å tatt bilete enda. Ikkje at desse bilda er verdens beste akkurat, men lat gå. Er vertfall kjempe fornøyd, og har på følelsen av at eg kjem til å halda på den lyse fargen ei god stund ja! Såg litt ginger-aktig ut, men det er det faktisk ikkje :-)




Vad tyckst?

Mi jul hittil

...Ha vore sløv! Her-re-gud, eg gjere jo absolutt ingenting utenom å ete, spele, sova og sjå teve. Er vel slik det skal vere, men uff, er lei av det eg! Satsa på at det skjer litt meir dei neste dagane, sjølv om det er digg å chille :-)


Julafta i år var tidenes julafta! Var so sjukt koselig, digg mat og alt var fint. Fekk mange fine pakka, fornøyd med alt! Fekk blant anna GHD rettetang av verdens beste mami (♥), harddisk, sølv lysestake, blendar, wii spel, masse bøke, tre sesonga av the Big Bang Theory, pledd, rosa cover til macen, moroccanoil ++ :-) Eg og bror min gav mamma 7 fine pakka, var så kjekt å sjå kor glad ho blei for alt! Handla jo om å glede andre, right?


I kveld håpa eg på noko digg til kvelds (alt anna enn julemat, please) og eit slag millionær! Erlend og dei reise mest truleg te Valdres i morgo, eg ber om at fjellet fortsatt er stengt! Snill...Ja. Har heldigvis Veronica her da ♥ Satsa på ein haug med filma og wii-maraton!




Korleis har jula di vert hittil?

Scary shit!!

Straumen for, drit ekkelt! Haha, pingla sa du?

God jul, alle!

Fin start på julafta

Fekk eit morsomt spel i gåven fra nissen i julesokken!

No kjem snart søskensbarnet mitt ned, og då skal me kjapt i fjøra. Regna med det blir speling og sånt kos etterpå! Så skal me som vanleg ete kylling til lunsj, nomnom.

Kunst i julegåve

Fekk ein lite ekstragåve frå Anneli, vetlesøstra til Erlend. Ho har sjølv laga detta bildet og laminert det. Eg er imponert, ho er jo "berre" ni år gammal! (Dårleg bilete, men eg lovar, det var sjukt fint!) Hengte det opp på veggen med ein gong eg kom heim :-) søtt!

Ja, så vart eg positivt overraska når eg såg oppi påsen med julegavane frå Erlend og dei! Kanskje ikkje så rart?

Pynta til jul + eine gaven eg fekk

Wow, i dag har eg vore flink! Har vaska stova mi og pynta til jul. Take a look:



(Dei to pottene med hjerte på har Sanna laga til meg, heilt frå scratch!
Sjukt flink, og dei var sjukt fine. Takk søtis ♥)






So ringte Julie på døra med pakken min! Fekk beskjed om å åpne den der og då, og eg fekk rosa macbook-cover og rosa tastatur!! Lykke!



No er ikkje skule-macen grå og stygg lengre ♥ Skal sjekke om dekselet passar på den kvite seinare i kveld! No blir det snart fjøra med mamma for å handle siste rest til i morgo også blir det forhåpentlegvis ein tur ned til min kjære.

Just have to

Haha, eg MÅ berre tipsa dikka om denna appen! Veit ikkje om den finst andre plassa enn AppStore, men det går no fort an å finne ut for dikka som har andre telefona :-)

Tidenes! Kan sitte oppe til langt på natt berre for å spele. Småtragisk, men herregud så morsomt. Monopol/millionær er jo favorittspelet mitt, så kanskje ikkje så rart...Haha. Gleda meg vertfall til romjula, då pleier me alltid å spele millionær/monopol kvar dag ♥♥

TV-seriar

Eg er ikkje den type person som sit og ser på teve heile dagen, eg skrur omtrent aldri på teven (med mindre eg er sjuk), men det eg gjer er å sjå på TV-seriar på dvd! (no motsa eg meg sjølv litt, men det eg meina med å sjå på teve er å sitte å sjå på programma som går og reklamen ++) Ser som regel ein til tre episodar før eg legg meg. I helgane eller feriane kan eg sjå seriar heilt til 7 om morningen. Syns det er so koseleg å ligge i senga med favorittseriane på skjermen, ein kopp kakao, stor dyne og noko godt å ete på. Trur ikkje eg er aleine der! Tenkte eg skulle dele mine favorittseriar med dikka:


Ser du på nokon av dei samme programma?

Førjulskos i dalen

No sitt eg oppe hjå besta og vente på at me skal spele kort og ete middag :-) søskensbarne mitt er her og pappa kjem snart. Me har vore rundt med gåver til diverse folk og handla siste rest av gåvene til besta. Kjempekosleg! Mens eg vente no so stappe eg i meg valnøtter, hasselnøtter og twistsjokolade. Kanskje ikkje so lurt i og med at maten er snart klar, menmen. Visst ikkje eg blir feit te jul, så skjønna ikkje eg...

Heime frå årets juleball



Tidenes juleball - so far!

Want

Kameraveske frå ONA. Åhh, nydelig! Veldig praktisk, vertfall siden den er delt inn i rom og ser ut som ei vanleg veske. Hovudgrunnen til at eg ikkje brukar kameraveska mi er at ho er dritstygg og upraktisk. Hadde ikkje vore feil å fått denna til jul nei! Eller generelt fått den, ehe. Kosta jo "berre" rundt 2000... 





Fin start på dagen!

Dagen min

...kan beskrives med dette bildet!

Har vaska med Silje for å tene peng til julegåver! Ehe. Så dagen i dag har gått i eit. For rett frå vask til senteret, og eg åt ikkje mellom klokka halv tolv og klokka sju...Skjønna ikkje korleis eg har overlevd. Ferdig med pakka vart me no vertfall (kom på at eg hadde att besteforeldre og litt diverse). Kom heim til ferdiglaga kyllingfile og tilbehør <3 verdens beste mamma diska opp med verdens beste mat, hihi :-D håpa de ha hatt ein fin dag, og håpa de får ei fin helg fra og med i morgo!

Overstått prøve og snart helg

No sitte eg i gangen på skulen og venta på ei treig ei, for me skal vaske hjå noken. Har nett hatt ein matteprøve som eg følte gjekk kjempebra! Vart fort ferdig og følte eg fekk te alt. Så anten har eg alt rett eller alt feil, haha! Satsa på det første. Etter vaskingen blir det senteret med brorsan for å handle gavar. So kom eg på at eg må skrive ferdig ein rapport og lage ferdig magasin-framsida mi til i kveld, uh. Stressfaktor x1000 på skulen for tida altså! Skal til å med ha ein prøve på mandagsmorning...Ser verkeleg fram til ferie på tysdag ♥ Den skal nytast altsååå..!


Ho til høgre skal eg vaske med, fordi ho til venstre fere til Oslo!

Mariitaz julegavetips pt. ii

Sjå pt. i her.

4. Fotobok. Ei utruleg fin gåve å få, vertfall for jenter. Kjempekjekk å lage og da! Trur vertfall mødre, fedre, bestevenne, besteforeldre og kjæresten synes det er fint å få. Så har ein jo noko fint å sjå i om ein er deppa ein dag - og det får verkeleg opp humøret! Du kan scrappe den sjølv eller lage den på nettet :-)

5. Hårprodukt. Er vel det eg hadde blitt mest glad for! Kan jo vere hair extensions, glatte/krølletang, hårkurar, olje, shampoo og balsam. Er jo masse som er i sånne fine gavepakkingar med shampo+balsam og kanskje ein kur i. Kan jo anbefala seriar som Joico (K-pak), Cutrin, Moroccanoil og Redken. Så kan ein jo kjøpe voks og sånt til gutar.

6. Diverse ting. Som i interiør, ting som personen samlar på, servise, klede, sko, ringar, smykker, vekser, bøker, filmar ++ Visst personen interesserer seg for t.d. foto kan minnekort/stativ/objektiv vere kjekt å få! Åsso ein ting eg ønskjer meg i år er solpass med peng på! Gratis sol, kven kan seie nei til det?

Salgsblogg..?

Har ein del kle (vertfall kjola som du ser på bildet) eg vil kvitte meg med, så har tenkt litt på detta med ein salgsblogg. Blir dritflaut om ingen kjøpe noko da, menmen.
Should I give it a try, eller kva seier dykk?

Danseshow: Circus Inspire

Wææ, akkurat komt heim frå danseforestillingen! For de som ikkje visste det har eg gått på moderne i haust, og det har vore kjempemorsomt! Skjønna ikkje kvifor eg ikkje har begynt før :-) Hadde to forestillinga i kveld, kjempemorsomt det og! Hihi. Alt i alt ein stressande, men utruleg kjekk dag.

Å reise med min kjære

Akkurat no er eg stuck på restplass.no - har so sjukt lyst å reise vekk. Anten i romjula, slutten av ferien eller ei helg i januar. Skal jo til London ei veke i slutten av april, men det er så lenge til. Har veldig lyst til å reise med Erlend (♥) og berre oss to. Ser for meg oss to på eit simpelt, heilt okå hotell med dobbelseng, roomservice, frokostbuffe, cider på hotellrommet med sjokolade og teve midt på natta. Himmelen, spørr du meg! På dagane hadde det blitt sightseeing, shopping, café- og resturantbesøk og sånt anna fint. Akkurat no hadde dette vore perfekt å gjort, berre komt oss vekk frå alt sammen og kunne slappa av med kvarandre. Høyrtes veldig vaksen ut akkurat no, men det er faktisk mitt største ønske at the moment. Så er det jo latterleg billig i romjula/januar!


Kunne godt tenkt meg å reise til Paris, Riga, Amsterdam, Egypt, Gran Canaria, Barcelona, Madrid, Athen, Roma - lista er lang! Til og med ei weekend i København/Stockholm hadde vore utruleg fint. Kanskje til og med noko so simpelt (men fint) som Bergen (♥), Oslo eller Trondheim. Er jo lov å drøyme, right?

Links

Visst du vil stille meg spørsmål, kan du gjere det på formspringen min her. Vil du følge bloggen min, finn du bloglovinen min her. Vil du lese alle dei "morsomme" statusane som ikkje kjem på facebook, finn du twitteren min her. Vil du sjå litt instagram bilder og diverse, er tumblren min her. Visst du vil følge litt med på ungdomsbedrifta eg er med i, sjå facebook-sida her. Vil du sjå filmane eg har laga, finn du vimeoen min her. Visst du vil følge med på kva bilder eg legg ut/likar på we heart it, er whi-profilen min her.

mariitaz på det meste...instagram, wordfeud, tumblr, blogg, whi, vimeo, listography ++ :-)


Blir glad for kvar einaste follower, samma kor det er.
Skal ikkje mykje til for at denne jenta skal vere glad resten av dagen!

Fotoserie: Linda











So fine jenta, og eg er so nøgd med bilda!

Bark at the moon





Winter Wonderland

Wææ, endeleg kom det snø!

Gårsdagens festligheiter

I går var eg som sagt hos Veronica med Silje - så kom Erlend og. Me åt digg mat, flink kokk sant! Så spelte me millionær (samma som monopol, berre enda bedre!) og twister. Var faktisk sjukt morsomt å spela twister, vertfall klokka halv to om natta. Veldig overtrøytte og sletne, lo og lo og lo. Hadde det vertfall utruleg morsomt, og slokna med ein gang me la oss. Ein finfin kveld!


I dag derimot...Samfunnsfag-nerding og kanskje lesa litt til engelskprøven. Kjedelig.
Men hey, andre søndag i advent i dag og berre 20 daga til juuul ♥

Nikon D60 - film

Akkurat nu driv eg, Silje og Veronica å laga biff (eller EG laga mat, dei ser på ski)
I dag har eg vore på senteret med Iselin og Andrea, og vart med dei oppatt. Også har eg kjøpt ferdig alle julepakkane, finally! No blir det biff og filmkos, åsso snacks sjølvsagt. Ha ein fin laurdag, alle! Det skal vertfall eg.


Slenge med eitt skuleprosjekt. Ein digital fortelling om kameraet mitt.

Skuleprosjekt som var morsomt - når eg først kom i gang!
Veit eg høyres ut som ein liten dritunge, men shit og.

berre 21 daga til juuul ♥

Polaroid in the mailbox

Oh joy!

November 2011

- Hospitanta på skulen
- Maling med papi!
- 38 followers via Bloglovin'
- Skreiv lang ønskeliste (her)
- Q-film på sandane! Lagde film om det (her)
- 19 mnd med Erlend
- Begynte å shoppe på eBay
- Fredagskos med Julie
- Eit par hektiske daga med lekse/prøva
- Spørsmålsutfordring med Nina! (her og her)
- Lagde ein ny kategori som heiter "lister"
- ...og ein som heiter "fotoutstyr".
- ...og enda ein som heiter "video".
- Var ei veke i dalen med dei fine kattane mine
- Tok ein del bilde og mange Instagram-updates.
- Danseforestilling med inMotion og film frå Latvia!
- Radioprosjekt på skulen med Julia!
- Gjorde ferdig nesten alle julepakkane.


For ein fiiiiin måned detta har vore!
berre 23 daga til juuul ♥

Junie et pølse

Hei bloggen! Eg et pølser og anna godt. Herre jesus og god natt

For ein fin bloggrape, Junie! Lo meg ihjel :-D

Thank you, papi


Var nede hos pappa i gårkveld, og då fekk eg gave sida han har vore i USA!
Fekk yndlingsparfymen min (som eg har gått tom for). Britney Spears Circus ♥





Fekk og eit dødskult handkle med USA flagget på, M&M, div godteri, ei t-skjorte, eit USA flagg som eg trur eg ska henge opp på soverommet, eit sticker som skal vere på min framtidige bil og andre småting! Veldig fornøyd :-D


Berre 24 daga til juuul ♥

I stole the cookies from the cookiejar

For ein crappy dag detta ha vore...heilt sjukt. Difor tillot eg meg å bake brownie-cookies, nomnomnom. No skal eg tilbake til leksenerdinga...See you tomorrow!

berre 25 daga til juuul ♥

Tidenes iPhone cover

Fekk noken par pakka i posten i dag! Blant anna detta kule iPhone-coveret:



Love it! Fekk og eit wallsticker i posten som eg skal klistre opp i stova mi, so fort eg får malt veggen den skal henge på. Så fikk eg to gratis kinobilletter fordi eg har vore med på forskning av HPV-viruset. Eeelska å få ting i posten

berre 26 daga til juuul ♥

May you rest in peace

1. advent

Wow, kan faktisk ikkje tru at det er første advent i dag? Me er jo i november, ikkje desember! Sjukt rart. Anyway, denna dagen skal bli brukt på symjing, pinnekjøtt hos Erlend og fortsette på radioreportasjen! Fin søndag med andre ord. 

I går stappa me i oss nesten ein kilo smågodt (har litt igjen, wiwi!), ei melkesjokoladeplate med kvikklunsj og massemasse mat. Så såg me Harry Potter, elska virkelig dei filmane. Skal få med Erlend på Harry Potter maraton snart! Eg lagde forresten verdens kulaste julegave til mamma! Kan desverre ikkje vise den her, for ho titte no innom her i blant...

Kva gjer du i dag? :-)

Q-film-film

They won't play me on the radio

Heyho! No sitte eg i sengi med ein båndopptakar, dent oi og visa-kortet. Skal spele inn litt blokking til radiosaken min (skule, yeah) samtidig som eg ser etter julegava til mamma og pappa! Kva skal du kjøpe til mammaen og pappaen din? Eg treng virkelig hjelp :-)



Seinare i dag blir det biff med mamma og kanskje Erlend. So skal eg pakke inn enda fleire julegavar! Det er so morsomt og kosleg, har allerede sagt til mamma at eg skal pakke inn gavane ho skal gi og. Har ingen andre planar, men kanskje eg teke meg ein liten tur til pappa, han kom heim frå USA i går. We'll see. Ha ein fin lørdag, alle!

Gåve frå Gina Tricot

Mamma kom heim frå Bergen i går, og då fekk eg desse nydligheitane! Digga dei.







Beklaga for stygge-crappy-rævva-bilder, men vart dei beste eg tok. Ehe.

Verdt å kjøpe GHD?

Ein ting eg har lurt på å ønske meg veldig lenge er ei GHD rettetang. Dei kostar jo rundt totusen kroner, så det er veldig dyrt for ei rettetang. Samtidig so kan det jo vere lurt å invistere i ei dyr ei istaden for fire billige? Så får man jo veldig fine krøller av GHD-tengene og. Må jo og innrømme at dei er fantastisk fine! Det trekke jo ikkje akkurat ned lysten på å kjøpe ei. Det eg eigentleg vil fram til er om du har noko erfaring med GHD? Anbefalar du dei? Er dei virkelig verdt prisen? Kor er det lurast å kjøpe dei? Takk, igjen! hihi.

 




Fotoutstyret mitt

Så og sei alle bildene eg tar tek eg med mitt kjære Nikon D60 ♥ Det kameraet har vore med meg heilt sidan eg vart konfirmert i 9.klasse, altso i 2,5 år. Kameraet var ikkje det aller nyaste då eg kjøpte det, så no har eg (desverre) lyst å bytte det ut i eit litt nyare eitt. Føler at eg ikkje klarar å utfordre meg sjølv so mykje med dette eg har no. Så har eg jo sjølvsagt lyst på eit kamera med filming, høgare ISO og meir avanserte valg.




Eg har tre linser/objektiv. Har det standardobjektivet som følgte med når eg kjøpte kameraet: 18-55mm. Seinare kjøpte eg eitt objektiv som er 55-300mm og eit makroobjektiv på 35mm som har blendartal heilt ned til 1.8! Er veldig fornøyd med begge dei to. Kan sei det sånn at eg ikkje brukar standardlinsa.


Har ein fjernutløysar frå Nikon
og, som funkar fett! Finn den desverre ikkje att akkurat no for tida, men skal snart ha ein opprydning i romma mine så då dukker den nok opp. Kameraveska/bag har eg, men brukar den aldri.

Eg vurderer å leggje ut kameraet mitt for salg på finn.no eller noko i den duren, men veit ikkje om eg tørr eller kva eg skal setje prisen på osv. Har tenkt å legge med 18-55mm linsa og kameraveska. Sei i fra om du er interessert, hihi.

Kva kamera har du? Har du solgt kamera o.l. på finn.no? Hjelp hadde vore fint!

Mariitaz julegavetips pt. i

1. Sesongar. Noko eg vertfall blir kjempeglad for å få til jul er sesongar av seriar eg ser på. Det er jo ei perfekt julegåve til både mor/far, bror/søster, venn/venninne og til kjæreste! Då har ein jo noko å finne på i romjula og på kveldstida, og kva er vel kosligare enn å liggje i sengi med favorittsesongen på tven/dataen og ein kopp kakao mens ein ligg godt innpakka i ei dyne? ♥ 


2. Gåvekort. Anten på butikkar, nettbutikkar, masasje, spa, frisørsalongar osv. Det er jo praktisk og noko ein alltid får brukt. Så får ein jo kjøpe (nesten) kva ein vil! Kanskje ikkje så spennande, men bedre enn ein pakke med sokka og ei sjokoladeplate?


3. Spel. Play Station, Wii, Pc/Mac eller brettspel er jo eit supert tidsfordriv! Eg elska vertfall å spele, hihi. Alias, party alias, mariokart, the sims, monopol og call of duty er vel spel som fell i smak hos dei fleste. Sosialt og morsomt - passar perfekt i romjula!

 

20:11 den 20.11 i 2011



...låg eg i badekaret med hårkur og spelte wordfeud mens eg drakk juice!
Kva gjorde du? :-D

Love-ring søkes


Ein ting eg har ønska meg veldig lenge er ein sølvfarga ring som det står "love" på i løkkeskrift. Har leitt over alt (til og med på eBay), men uten hell. Anten er dei i gull eller for store. Bruka nemmelig XS i ringa og av og til er ikkje dei passelige ein gang. Har samme problemet i ringa som eg har i sko. Visst du veit om ei side dei sel sånne ringa på, tips meg! Hadde vore evig takknemlig :-)



Metallisk HM








Ikkje at alt var metalisk, menmen. Elska fargane, formane og stoffa. Give me!


Q-film og galla

Er i Sandane på Q-film, woohoo! Kjempekjekt. og ja, det er Elling frå "mors elling" :-) *starstruck* Kjekt å sjå at folk frå medielinja i Sogndal vinne prisa!

Ønskeliste jul 2011


Polaroidfilm og wallstickers er haka over, fordi eg har allerede kjøpt det, ehe.

 

Kva ønsker du deg til jul i år?

Finally!

Endelig har mamma/eg laga konto hos Paypal - noko som vil sei at eg kan handle på eBay med mitt eige kort! Ååh, spara jo utruleg masse peng på å handle hos eBay (om ein finne dei rette selgarane osv). I begynnelsen skjønte eg ingenting av eBay, mens no er det jo ikkje vanskeleg i det heile tatt. Ein må jo berre sette seg inn i det og google litt rundt så blir det lettare. Har allerede bestilt noken par julegavar og lurer sterkt på å bestille ein pakke med 50 polaroidbilder til under 300kr! Er jo tom for polaroidbilder og ein pakke med 10 bilder kostar 110kr på norske nettsider...Skal, skal ikkje? Hmm.


Ellers gledar eg meg sjukt mykje til jul! For første gang på fleire år. Er nesten heilt ferdig med julegavane, mangla berre dei vansklegaste. Har kjøpt flaxkalendar, skrive ei større ønskeliste med bilder (kan legge den ut om det er interesse for det) og eg manglar eigentleg berre å finne ut kor eg skal feire jul og what to wear.


Jula 09

Moroccanoil konkurranse

Denne konkurransen passar midt i blinken for meg! Eg har brukt Moroccanoil oljen sidan februar, og no er den snart tom...Moroccanoil er faktisk eit av dei beste hårprodukta eg har brukt! Elska den virkelig :-) Har jo kjøpt ein hårkur der i fra og, som er nesten like god! Om eg vinn denne konkurransen får eg prøvd andre produkt - til ein verdi av 697,-

Klikk på bildet eller linken nedenfor for å se hvordan du kan bli en av de 40 bloggerne som får goodiebags med Moroccanoil-produkter til hele kr 697,-!

Klikk her for mer info!

Stikkord:

Instagram again

Any favorites?

Fredagskos

Det er lov å drøyme, right?

 Uff, eg har so lyst på nytt kamerahus at det gjer ildt å søke på "Nikon" i søkefeltet til Google. Desverre har eg ikkje pengar til det no som eg skal betale russetur, julegava og anna småtteri. Får vel ønske meg peng til jul, så får me sjå. Det er vel lov å drøyme.


ÅÅH, drøymen ♥

Yaaay!

Okei, eg har offisielt funne ut at eg er nerd. Har skrive seks wordsider med oppsummering av eit kapittel i samfunnsfag og rekna to delkapittel i matten - og eg ekje lei! Wtf, pleie være lei etter ei side i word? Somethings wrong...kanskje fordi eg er gira på russeturen me skal på i haust? Ohyes! Me skal nemmeleg til Agia Napa ei veke ilag med allmenn og idrett. Kan egentleg ikkje bli bedre i og med at kjæresten min går allmenn og bestevennene går idrett og media? Det blir (forhåpentlegvis) ein knallbra tur :-D

Det einaste negative er at me må betala eit par lappar no i november. Då ryk pengane eg var meint å bruke på julegavar...Hello lån av mamma og pappa - men det blir verdt det! I tillegg skal me jo til London i vår. Skal de på noko russetur eller klassetur?

Liste: Ønskeliste pt. I


For dikka som ikkje klara å lesa!
- Hairextensions...ehe
- Tatovering ♥
- Syden / Storby tur!
- Mops (oh, surprise...)
- Polaroidfilm x1000
- Konsertbilettar (festivalpass)
- Nikon D5100 / D300s ♥♥
- Nye kvite Converse
- Moroccanoil hårolje
- Eingongskameraer
- Fisheye og vidvinkel :)
- Jobb? JA TAKK!
- Dior Addict 343
- Cash $$$£?$
- Deksel til Mac'en :)
- Haustjakke, som er perfekt.
- Sol!
- Sommar ♥

Spørsmål frå Nina pt. II

Fortsettelse på detta innlegget!

4. Vis bilder og fortell om den beste sommaren ever! Den beste sommaren må vere den i år! Er det noko som er bedre enn ein månede i Spania med bestevennen og kjæresten, og dei awesome familiane deira? I tillegg til hyttetura, is i parken, besøk frå Ålesund, Valdres, masse baking, Lærdalsmarknad, ny iPhone, møta mops (!!), gokart, overnattinga kvaaar dag (♥), cricket, badmington, kortspel og parken? Hærleg sommar!

 

5. Kan du fortella litt om barndommen din, og legga ut søte-lille-Marita-bilder? Klart eg kaaan! Eg er oppvekst i Sogndalsdalen (verdas beste plass), og budde der heilt til eg slutta i 7. klasse. Der oppe hadde eg bestemora mi i kjellaren og tanta mi med søskenbarn som nabo, veldig fint. Har hatt litt forskjellige kjæledyr; tre kaniner, to geite, ein oksekalv og eit par katta! Så hugsa eg at eg og besta dreiv å pressa blomster, sådde poteter og gulrøtter og solsikke. Så gjekk me tura og plukka blomster, idyll ♥



Sommaren før eg skulle begynna i 8. klasse flytta eg og mamma ut, og ned i ei leilegheit attmed Veronica og tante! Pappa og broren min Johnny, som er åtte år eldre enn meg, vart att i dalen. Siden den gang har eg ikkje budt med broren min, faktisk! Då skulen begynte att flytta me inn i ein liten del av huset til besteforeldra mine og budde der ca eit år? Så flytta me hit som eg bur enda (og som er nærme Erlend, Julie og Kristin). Eg har fått høyre att eg var ein liten rabbagast, ei guttejente og søt - hihi.



No kjem det litt random fakta, ehe.

Eg har vore heldig og fått reist ein del med venner og sånt då! Har vore i Tyrkia 3-4 gangar, Spania 3, Danmark 5 (trur eg), Sverige ca 3, og ein gong i Egypt! Har vore litt rundt om i Norge og. Mamma og pappa har vore så snille og feira jul ilag for min og broren min sin del, men det vart det slutt på i fjord - så jul er ikkje så spesielt for meg lengre. Kristen er noko eg aldri har vore sjølv om eg er konfirmert og døypt. Bursdagen min pleier å vere på første skuledag etter sommarfeiren og rundt der. Rett før eg skulle begynne i førsteklassen (var 5 år) klypte eg av det laaaange håret mitt (som rakk ned til ræva mi) heilt guttekort! Såg ut som ein gutt i heile førsteklassen :-(

Noko de vil at eg skal føya til? :-)

Spørsmål frå Nina pt. I

1. Kan du legga ut det første "offesielle" bildet av deg og Erlend? Om eg ikkje hugsa heilt feil er dette det første bildet eg la ut etter at me vart blitt i lag. Hihi, leeenge sida! Kan godt vere eg teke feil, men meina det er detta! ilu ♥♥



2. Du fargar jo håret ditt veldig ofte, så når har du vore mest fornøgd? Fortell litt om kvifor du fargar det så ofte! Vel...Eg fargar håret mitt ofte fordi eg går så fort lei av å ha ein farge, haha. Visst eg kjeda meg ein dag så kan det hende eg reise ned på butikken og kjøpe farge og vips - så var håret mitt farga! Typisk meg. Så forrandra eg det og etter årstidene, lysare om sommaren og mørkare om vinteren. Akkurat no fekk eg lyst å bli blondine att, samtidig som eg fekk lyst å kjøpe brune extensions! Eg er sjukt ubesluttsom når det kjem til hår. Her er ein kollasj for you!

Må føye til at eg har hatt ei grønn stripe i svart hår, pissgult hår, svart hår med lilla og blåskjær, ulike striper og masse anna som eg ikkje fant bilder av! Har prøvd det meste.

3. Har du tenkt å bli buande i Sogndal foreverandever? Nei, eg trur da ikkje det. Kjem an på kva eg velge å gjere etter 3. året på vgs! Då havna eg anten i Bergen, Trondheim eller blir stuck her...men håpa på Bergen. I mine auge er det den finaste byen i Norge. Så har eg lyst til Trondheim, fordi det virka så bra! Men når eg er ferdig med studeringa og skal busette meg tippa eg det blir i Sogndal. Heimekjær ♥


"Spørsmål frå Nina pt. II" er under laging, kjem snart!

Førde ftw

Heyho! Akkurat no sit eg på ein kafé i Førde. Har akkurat ete fruktsalat og sitte berre å slappe av egentlig. Henta pakken frå Nelly istad då! Gleda meg til å prøve dei når eg kjem heimatt :-)

Btw: eg og Nina har litt bloggtørke, så me fant ut at me skal stille fem spørsmål til kvarandre og svare på vår eigen blogg med bilder og tekst! Blir kjempemorsomt. Det kjem sikkert i morgo, for eg har ikkje så god tid i dag, ehe.

T.G.I.F

Ååååh, helg!! ♥♥ Denna helgi er sårt etterlengta! I dag blir det kosekveld med kjæresten og i morgo blir det hjortebiff hos mamma med bra folk :-) og mattenerding innimellom da........ Flinke meg presterte å gløyma å gå på posten for å henta pakken frå Nelly.com. Typisk meg...ehe. Ke du skal i helgi da? :-)

Too tired

Tok meg sjølv i å sovna på katten i stad, med macen og iPhonen i bruk. Trøytt, sa du?





Heeeey kittycat!

Hospitanta og sånt

I dag og i går har me hatt besøk av hospitanta frå ulike 10.klassa rundt om. Eg og Julia vart plassert i studio saman med ein lærar...vel, eg og ho gjorde ikkje så mykje akkurat, men var vel...kjekt? Var kjekt når me to var aleine der da! Tok bilder sjølv, dansa og tøysa. Så har me fått litt besøk av dei andre i klassen som skulle guide hospitantane rundt.




Oktober 2011

Oktober har vore ein veldig fin måned, faktisk! Her er ei lita(lang) liste :-)


- Høstferie!
- Mamma bursdag, kjøpte iPhone te ho
- Besta, Magnus ++ bursdag.
- 35 followersa på bloglovin'  ♥♥
- Fekk kjæresten og bestevenn heimatt!
- Bakte ein haug med bolla og kake
- Hang opp wallstickerset - og det vart fiiiint.
- Vart sponsa av faketattoos.se
- Bestilte gossip girl sesong 4.
- Begynte å kjøpe julepakka! Woopwoop.
- Bestilte sminke frå e.l.f for første gang.
- Kjøpte Joico K-pak shampoo, balsam og hårkur.
- ...og Moroccanoil mask/kur!
- Valdræææs.
- Streaming og MR i Nordfjordeid
- Ochså all shoppingen da, ehe.

You see right through me


Photos // me

Og det vart...

...header nummer tre!


 
Er vel egentlig denne eg likte best sjølv og! Hihi. Men no treng eg litt hjelp til å sette den inn...for eg har litt fucka design, klara absolutt ikkje å sette den inn sjølv. Anyone?

Kven av desse headerane?

Hjelp meg med å velge ein header :-) På førehånd, takk!




Sunday is (not) a funday

Hællæ! Søndag i dag, som vil sei at det blir ein kjedeleg dag. Planen no er å dra meg heim i dusjen, rydda litt og ja. Gjere ingenting. Kanskje eg skal rydde klesskapet? Hmm...

Forresten, det er gratis sol på brun og blid i dag! Årets soldag :-)

Trøtte-trynet i dag...

Les mer i arkivet » Januar 2012 » Desember 2011 » November 2011
Marita J. Elvagjeng

Marita J. Elvagjeng

17, Sogndal

Marita J. Elvagjeng, skrive om alt og ingenting, har verdens hærligaste kjæreste og venne, går media 2. året, sogndal, 17 år :-) følg meg på bloglovin! Kontakt: melvagjeng@hotmail.com

bloglovin
bloglovin
hits